Taletid

Hei, internett!

Nyttårsforsett

– Få fikset SSL-sertifikatene på denne vevloggen
– Skrive noe her minst en gang i måneden
– Starte podcast (stay tuned!)
– Slutte å røyke (host kremt)
– Oversette et FLOSS-prosjekt i minst 60 minutter hver uke
– Rydde mer
– Strikke mer
– Spise mindre sjokolade/aldri få tannkjøttbetennelse

NaNoWriMo

Eg hadde jo fått sånn fin, ny plattform å blogge på. Og så skulle eg jo bruke han.

Men som den som les dette sikkert har merka, så er det noko føkk med SSL-sertifikatane til bloggen. Det er out of my hands, for å seie det på god nynorsk.

Samstundes studerar eg 200%, og situasjonar på heimefronten krev meir av tida mi enn før. Det kan ikkje nedprioriterast. Og så treng eg meir sømn i vinterhalvåret, som så mange andre tropedyr busett i ei borealt sone. Så tida strekk ikkje til.

For det er ikkje det at eg ikkje har noko å formidle. Det er ressursane det skortar på. Eg kan jo skrive. Og ja, eg slurvar med målform og skriv alt for lange setningar og brukar fleire språk på ein gong og framandord og rare uttrykk og vendingar, men heilt på jordet er det som regel ikkje. Det er berre det å sette av tid. Eg har jo ikkje sett av tid til å fikse det føkkings SSL-sertifikatet ein gong.

Det eg har gjort er å gå igjennom NOVA-rapporten om seksuelle krenkingar som vart publisert i 2007. Den gong blei funna i rapporten omtala som «sjokktal» i pressa. Tala har ikkje endra seg på 10 år. #metoo

Eg har óg vore hypotetisk gründer i bytte mot 10 studiepoeng, lært meg sjukt mykje om sceneteknikk (og trur framleis eg ikkje kan nokon ting), jobba med fysisk komedie og blitt kjend med ein klovn. Og til våren er eg ferdig med ein bachelor i nett dei tinga. Hire me.

Og så irriterer eg meg over utveklinga til internett og digitaliseringa generelt. Det går jo rett vest. Legekontor lar pasientar chatte med dei via Facebook Messenger. Kids får smartklokke med romavlyttingsfunksjon og GPS-sporing til jul. Vi har eit flott verktyg for deling av informasjon, og brukar det til å bygge eit dystopiverktyg for å generere reklameinntekter. Argh.

No skal eg skule stygt på ekstremvéret Ylva og lese til neste eksamen. Du kan surfe vidare på internett eller hjelpe meg med å samle data til den uhøgtidelege brukarundersøkinga mi ved å kommentere ein tilfeldig bokstav i kommentarfeltet.

“Time to write, Tale”

So. I promised myself that I would write something somewhere on the Internet every weekend, starting this Saturday. I don’t know if anyone cares whether or not I contribute to filling the Internet with more content, but I have to do this. So here we go.

In 2011, or maybe even in 2010, I got hit by a terrible writer’s block. If you’ve ever had a writer’s block, you know how hard it sucks. If you haven’t had one, I’ll try to describe it: A writer’s block is like having both the fraud police and some petrifying little perfectionist fairy sitting at your shoulder. Every time you try to get some text written, whether on paper or digitally, they make you freeze. They stop you mid sentence, occasionally steal words and phrases, and makes you think that your text never will be good enough.

My writer’s block slowed down my academic papers, my blogging, my activism. For nearly 5 years. Imagine the frustration. The feeling of guilt and letting others down.

I’ve read tons of books and articles about creating stuff, specifically text, and I learned some tricks. I found out that my tendency to procrastinate was a symptom, not the cause of the writer’s block. When I was (and occasionally still am) procrastinating, my head was still producing pretty good raw material that I could use for later. At one point last year I gave myself the ultimatum: Either start recording myself speaking out loud what was going on in my head, or distill it into text. I hate(d) listening to my own recorded voice, so the choice was easy. I also started taking notes, either on my phone or in the journal that follows me around, at the bottom of my bag. I trust my drafts more, and dare to read through them. The maybe most important trick is something I learned in the classes on directing that I have done: How to find and pick out the gold from the piles of random content that and creative/creating processes produces. It probably sounds confusing, but it’s all about how to look for it, and having a (vague) sense of what it ought to look like.

But I wasn’t going to write myself into some long “How to defeat your writer’s block” story. Not this weekend. I have thirteen drafts with “writer’s block” on my blog, so I’ll end up writing more about it later. For now I’ll just tick this text of my to do list and start writing the next.

This text was originally posted on my Medium profile on the 31st of January 2016. My Medium account is gone, but the text is still oh so valid.

Neineinei, Frank!

Åh. No står ikkje verda til påske.
Korleis i alle dagar er ikkje valet avlyst enno. Frank Aarebrot gjekk bort i går. Den maskinelle teljinga som stemmesetlane våre skal igjennom visar seg å vere heilt på tur. Og no er jammen Hasse Alfredson daud óg.

Dette går jo ikkje.

Eg krev at måndag den 11. september 2017 blir brukt som nasjonal gravøl-dag (med alkoholfri øl eller saft, sjølvsagt), og at Valdirektoratet brukar dagen på å fikse stemmeteljinga. Så får vi heller vere utan regjering fram til teljesystema er i orden og verda har kome over den harde kneika det er å miste to viktige personar og bli utsett for ei rekke naturkatastrofar i løpet av ei helg.

Anten det, eller så forutser eg Irma bli statsminister.

Hallo, verda!

Velkomen til WordPress. Dette er det fyrste nte innlegget ditt. Endra eller fj[…]

 

HEI INTERNETT! Eg har brukt over 3 månader på å flytte bloggen min.

Eller, det er faktisk ikkje sant. Eg har brukt over 3 månader på ikkje å flytte bloggen min, for eg har gjort mykje anna. Eg har oppnådd 60 studiepoeng på eit semester. Eg har mønstra av piratskuta. EG HAR VORE PÅ FERIE, EKTE FERIE, for første gong på 4 år. Og no er eg i gong med siste året i studiane mine.

Sida eg plutseleg har tid til sjølve livet (om eg klarar å inkorpere studiane mine i livet, vel å merke), så har eg òg lyst til å blogge meir om sjølve livet. Om alle dei rare tinga eg utforskar på alle plan av eksistensen min. Om småpirk som irriterar meg.

For eit (par?) år sida skreiv eg om skrivesperra som hadde hengt over meg i lang tid. For ei tid tilbake begynte eg å kjenne ei skrivetrang, altså sjølve motsettinga til skrivesperre. Det er bra! Då kan eg vere med på å fylle internett med innhald. Eg reknar framleis ikkje med at nokon les det eg skriv blir lest av nokon, men det gjer ikkje noko. Hallo, verda!

#den(jule)kjensla

– Tale?
– Ja, sa eg.
– Kan du passe hamsteren vår i jula?
– Klart det, sa eg.

Og slik gjekk det til at eg stålsette meg før uvêret Urd, fordi eg skulle ta vare på ein hamster. I fleire dagar førebudde eg meg. Eg lukka vindauga i leilegheita til hamsteren lille julaften, sånn i tilfelle. Eg klappa hamsteren litt før eg dro. Den tygde meg i handa som svar på det. Eg tok inn posten. Fylde på vatn. Skylde ut av kaffikanna. Dobbeltsjekka at buret sto beint.
Då uvêret kom palla eg meg inn i alt regntyget mitt, tusla bort til leilegheita med hamsteren og låste meg inn med hjartet i halsen. Ulte vinden utanfor? Rista huset? Var hamsteren daud av skrekk?

No har det seg slik at Urd var sterk vestavind, og denne leilegheita låg austvendt. Så det var sjølvklart heilt stillt. Regnet pøste ned, men det er vi vane med på Sørlandet, så alt var heilt normalt. Hamsteren var glad for meir vatn og mat, og løp rundt i hjulet sitt medan eg drakk litt kaffi og venta på ei lita pause mellom regnskurane så eg kunne tusle heim att. Då eg skulle gå klappa eg hamsteren litt. Den tygde meg i handa ein gong til. Så gravde den seg ned i sagflisene i buret sitt og somna.

hamster

Det skal meir enn ein julestorm til for å skremme dette dyret.

PS: er det nokon som veit om eg treng stivkrampesprøyte etter å ha blitt tygd av hamster?

Små straumdrag #2

Eg begynte å tvile på synestesiane mine.

Her forleden laga eg meg ein kopp peparmyntete. Peparmynte er den friskaste teen eg kan tenke meg. Sterk, sval, kald og ljos blågrøn.

Det var berre det at teen i koppen var brun. Rykande, vassen brun, utan nokon pikant nyanse eller djupleik. Berre brun.

Medan eg sto og stirra ned i koppen slo det meg at konsistensen og fargane på peparmyntesmaken kanskje ikkje er ein synestesi ifrå mitt eiga hovud, men at den er eit resultat av indoktrineringa frå reklame som er har vore utsett for gjennom dei formande åra mine. Eg trur kanskje Wrigley og Extra-tyggisen kan ha planta assosiasjonane til blåfarge i sinnet mitt. Friskt smakar det jo uansett, men kvifor er friskt automatisk blått i hovudet mitt?

Synestesi er ikkje berre ei måte å assosiere på. I litteraturvitskapen brukar vi synestesi som eit fagleg omgrep, som ei slags blanding mellom metafor og språkleg bilete. Når synestesiar blir nytta i tekst får dei venger å fly på, og fleire lærar seg dei same synestesiane. Det er det eg trur kan ha skjedd med meg.

Og det gjer meg litt skuffa. Skuffa over meg sjølv, og skuffa over hovudet mitt. Men mest skuffa over peparmynteteen. Eg får trøyste meg med litt te.

Dei får det jo ikkje til

Budsjettforhandlingane, type statsbusjett. Den tørraste delen av norsk politikk skjer nett no, parallelt med sjakk-VM, crazy presidentbonanza på andre sida av dammen og ein brutal overgrepssak.
Politikarane har brukt dei to siste vekene på å vise at dei ikkje får til å lage budsjett sanan. Eller, å seie at det er politikarane er for raust av meg. Det er fire personar skal bli eininge på vegne av 5 millioner menneske.

Her er det eg skulle ønske skjer i budsjettforhandlingane:

1. Alle partia legg fram sine budsjettforslag.
2. Det blir produserte TL;DR versjonar av alle budsjetta, slik at sjølv småskuleelevar kan klare å forstå.
3. Folket røystar på det budsjettforslaget dei likar best.
4. Politikarane tar omsyn til menneska dei er valde av og vedtar det budsjettet folket røysta fram
5. Profit

Svartkledd

Denne veka har eg gått i svarte klede.

Nei, eg har ikkje blitt gother. Eller hobbysatanist.

Eg har gått med svarte klede for å vise støtte til kvinnene i Polen, som har protestert mot forslaget om å forby abort og gi det ei strafferamme på opptil 5 års fengsel.

I går kveld kom heldigvis meldinga om at den polske regjeringa snur. Men det er ein fattig trøst. Den polske abortlovgivinga er ikkje noko særleg betre enn forslaget. Dei einaste grunnane til å få innvilga ein abort er om ein har hatt sex med nokon i nær familie (ikkje fjernare enn søskenborn) eller ha blitt valdteken. Det vil i praksis seie at abort er forboden.

Den tyske avisa die Zeit har skrive om situasjonen for uønskte svangerskap i Polen, og det er langt ifrå oppløftande lesing. Kort oppsummert er situasjonen så ille at polske kvinner betalar foreiningar over 300 € for å reise til Tyskland og få utført ein abort. Musikaren Zdrada Pałki skriv om den medisinske aborten venninna hennar gjorde heime, med piller som dei hadde kjøpt på nettet. «Eg var redd ho skulle blø i hel» skriv Zdrada, som har skrive ein song om retten til eiga kropp. Ho er ganske kul, så kjøp musikken hennar.